Utviklingslokomotiv i Sogn

Utviklingslokomotiv i Sogn skal virke for alle kommunar, innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar i Sogn, og som nyttar seg av regionsenteret Sogndal.

Resultat 1

Sogndal bidreg sterkt til å løfte satsingar som kjem heile regionen til gode

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Søke regionalt samarbeid innanfor alle felt der det er naturleg og mogeleg
b.
Bidra aktivt til å sette dagsorden for å sikre at regionen tek del i nasjonale og regionale satsingar
c.
Dele kunnskap og kompetanse med nabokommunane der dei ønskjer det
d.
Engasjere seg i innspel og initiativ som er viktige for dei andre kommunane i Sogn
Resultat 2

Saman med Sogn, ha ein tydeleg posisjon mot regionale og nasjonale myndigheiter

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Jobbe aktivt med å sikre gode vilkår for vekst og utvikling i rolla som vertskommune
b.
Ta initiativ til lokalisering av statlege og regionale funksjonar som kjem regionen til gode
c.
Vere eit tydeleg talerøyr i politiske saker som vedkjem regionen
d.
Syte for at politisk og administrativ leiing har eit godt grunnlag for å drive effektivt påverknadsarbeid
e.
Ta initiativ til å utvikle bransje- og fagnettverk med nasjonal status på område der regionen har særlege fortrinn
Resultat 3

Samferdsle- og kommunikasjonsprosjekt i regionen vert prioriterte og realiserte

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Bidra til at Sogn har tydelege prioriteringslister for samferdsle og kommunikasjon
b.
Prioritere arbeidet med bru mellom Mannheller og Fodnes for å knyte bu- og arbeidsmarknadsregionen tettare saman
c.
Prioritere å bygge alliansar for aust-vestaksen mellom Florø og Hønefoss med tunnel under Hemsedalsfjellet
d.
Jobbe for tidleg og full utbygging av 5G i regionen
e.
Syte for å til ei kvar tid ha overskotskapasitet på fiber og straumnettet i regionen slik at det er rom for vidare utvikling
f.
Ta initiativ til eit utsleppsfritt og teknologidrive kollektiv- og mobilitetstilbod i indre Sogn
g.
Ta initiativ til samferdsletiltak som reduserer klimarisikoen for innbyggjarar og næringsliv i indre Sogn.
Resultat 4

Eit sterkt og forpliktande strategisk og operativt samarbeid gjennom Sogn Regionråd

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Vere ein pådrivar for å styrke det operative samarbeidet i Sogn Regionråd med fleire ressursar
b.
Bidra tydeleg til at det vert sett handling bak den til ei kvar tid gjeldande regionalplanen
c.
Vidareutvikle og ta i bruk potensialet som ligg i bruk av nettverka og arbeidsgruppene
d.
Syte for at Sogn Regionråd får ei tydeleg rolle i den regionale utviklinga i Vestland
Resultat 5

Gjere Visit Sognefjord til ei regional drivkraft for distriktsvenleg reiselivsutvikling

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Prioritere reiselivsutvikling som skapar bulyst og aktivitet i heile regionen, særleg i dei tynnast befolka områda i regionen
b.
Styrke arbeidet med kunst og kultur som attraksjon for både besøkande og fastbuande gjennom heile året
c.
Bidra til at Visit Sognefjord vert det fremste kunnskapsmiljøet i landet på koplinga mellom distriktsutvikling og reiseliv
d.
Styrke den samla innsatsen rundt reiselivs- og næringsutvikling gjennom Visit Sognefjord og Sogn Næring
e.
Utvikle ein infrastruktur som kjem besøkande og fastbuande til gode, og byggjer opp under prinsippa for berekraftig reiseliv

Sjå nærare på dei andre satsingsområda