Fruktbare tettstader

Særleg viktige målgrupper

Barn, ungdom, personar med nedsett funksjonsevne og eldre

Desse gruppene har særleg behov for tilrettelagde omgjevnader og funksjonar

Handels- og tenestenæringa

Desse næringane er ein viktig ingrediens i tettstadene våre

Hjørnesteinsverksemder

Gode funksjonar og omgjevnader er føresetnader for at viktige verksemder kan utvikle seg og at nye kan etablere seg
Resultat 1

Attraktive tettstader som tilbyr varierte funksjonar og gir trivsel

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Ta ei aktiv rolle i å styre samfunnsutviklinga gjennom planverket
b.
Legge til rette for gode bustader for alle livssituasjonar i blanda bumiljø og med gode dele- og fellesskapsløysingar
c.
Bruke leige til eige-modellar med føremål om å gje fleire moglegheit til å eige bustad
d.
Etablere torg i sentrumskjernane i kvar tettstad med scene, sitteplassar, tilrettelegging for salsbodar og aktivitetspark for ungdom
e.
Legge tilrette for sambruk av offentlege bygg og uteområde
f.
Vere pådrivar for næringsutvikling som framhevar særpreget til tettstaden
g.
Sørge for at tettstaden har arenaer for kunst og kultur og gjere staden til ein naturleg lokaliseringsstad for fritidsaktivitetar og arrangement
h.
Gjere kulturarven og kulturmiljøa til ein levande del av tettstaden
i.
Vere pådrivar for at tettstadene får ei god estetisk utforming gjennom kunst, design og arkitektur
j.
Bruke helsepersonell og brukarar som rådgivarar i byggjeprosjekt slik at dei vert brukarvenlege for alle
k.
Legge til rette for sosial bustadbygging, varierte bustadformer, og for bustad- og tettstadutvikling basert på lokale føresetnader. Vi skal ta i bruk heile verkemiddelapparatet
Resultat 2

Inkluderande tettstader som involverer innbyggjarane og verksemdene

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Eige eit stadutviklingsforum for kvar tettstad der private og offentlege verksemder og innbyggjarar kan utveksle idear, løyse felles problemstillingar og saman gjere staden meir attraktiv
b.
Legge til rette for samskaping mellom kommunen, innbyggjarane og næringslivet på digitale flater
c.
Gje god informasjon til innbyggjarane om arrangement, omgjevnader, kommunale tenester og politiske avgjerder
d.
Etablere arbeidsmåtar i organisasjonen for å samarbeide på tvers om stadutvikling
e.
Vidareutvikle biblioteket som lågterskel møteplass for kunnskap, debatt og kulturopplevingar for alle
Resultat 3

Effektive tettstader som gir god kvardagslogistikk

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Legge til rette for ein kompakt sentrumsstruktur med korte avstandar
b.
Sørge for saumlause gang- og sykkelvegar
c.
Arbeide mot ein bygdevekstavtale som grunnlag for å bygge ut infrastruktur
d.
Plassere kommunen sine publikumsretta tenester i sentrumskjerna og etablere sambruk og samskaping med andre verksemder for å kunne tilby attraktive tenester for brukaren
e.
Auke kapasiteten i barnehagen og grunnskulen utfrå venta folketalsutvikling
Resultat 4

Miljøvenlege tettstader som reduserer klimagassutslepp, energi- og ressursbruk

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Som hovudregel legge parkering under bakken, i utkanten av sentrumskjerna og samlokalisert med kollektivpunkt
b.
Som hovudregel legge gjennomfartstrafikk utanom sentrum
c.
Redusere biltrafikk og parkeringsareal i sentrumskjerna
d.
Utvikle og vere pådrivar for nye kollektiv- og mobilitetsløysingar 
e.
Vere pådrivar for fossilfrie byggjeplassar i eigne og eksterne byggjeprosjekt
f.
Vere pådrivar for bruk av fjordvarme eller andre klimavenlege energiløysingar i eigne og eksterne byggjeprosjekt
g.
Vere pådrivar for klimavenleg materialbruk i eigne og eksterne byggjeprosjekt
h.
Ta miljøomsyn i rolla som innkjøpar
i.
Vere pådrivar for arenaer for gjenbruk og reparasjon og sjå dei i samanheng med nye løysingar for avfall og renovasjonspunkt
j.
Unngå bygging på matjord i og utanfor tettstaden
k.
Sikre gjenbruk av omdisponert matjord
l.
Ta i bruk årlege klimabudsjett for å gjennomføre og evaluere målretta klimatiltak i kommunen
m.
Etablere ordningar og samarbeid som hindrar forsøpling og ureining på offentleg og privat grunn
Resultat 5

Tilpassingsdyktige tettstader som driv systematisk, kunnskapsbasert førebygging

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Forankre heilskapleg ROS-analyse i heile kommuneorganisasjonen
b.
Vere pådrivar for at kunnskapshol om ROS-tema som ikkje er godt nok kartlagt vert tetta
c.
Systematisere arbeidet med førebyggjande klimatilpassingstiltak i arealforvaltning, nærings- og samfunnsutvikling
d.
Vere pådrivar for målretta klimatilpassingstiltak som reduserer klimarisiko i lokalsamfunna
e.
Samarbeide med Norsk senter for berekraftig klimatilpassing om eit kunnskapsbasert klimatilpassingsarbeid
f.
Tilpasse beredskapen i kommunen til den auka faren for natur- og personskade som følgjer av klimaendringar
Resultat 6

Helsefremjande tettstader som gir betre psykisk og fysisk helse

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Bruke varierte blågrøne strukturar i utforminga av tettstaden for trivsel, klimatilpassing og ivaretaking av naturmangfald
b.
Etablere ferdselsvegar langs fjorden og lågterskel turvegar i naturen med universelle tilkomstar og opne snarvegar
c.
Etablere kvile- og møteplassar i sentrum og langs ferdselsvegar
d.
Ta initiativ til at ubrukt matjord vert tilgjengeleg som parsellhagar
e.
Sørge for at offentlege grøntareal vert planta med nyttevekstar

Sjå nærare på dei andre satsingsområda