Velkommen til Utfordrarbygda!

På denne nettsida kan du finne vår digitale samfunnsplan, og sjå nærare på strategiene som fyljer opp planen. I tillegg kan du medvirke digitalt til kommunen sitt arbeid.

Kvifor utfordrarbygda? Sogndal kommune er fylt av livskraftige lokalsamfunn som er stolte av kven dei er. Sjølv om bygdene er ulike i storleik og har kvar sin eigenart, så deler dei ein vitalitet og ein styrke. Dette gjev dei som bur der trua på at dei er i stand til å skape si eiga utvikling, trass store trendar som globalisering, urbanisering og digitalisering. Dei står i ein utfordrarposisjon og tek opp kampen med dei store.

Sjå ferdigstilte prosjekt ↓Sjå pågående prosjekt ↓

Våre nyaste prosjekt

Prosjekt me jobbar med no

Samfunnsplan

Norges best samskapte plan?

Det finst mange måtar å lage planar på. I Sogndal har me tru på at dei beste tankane og ideane kjem fram om mange får vere med og seie meininga si. Derfor har me forsøkt å sette norgesrekord i medverknad når planen skulle lagast. Folkerøysta teikna eit bilete av kven me er og kva som kjenneteiknar oss, og dette biletet gjev oss posisjonen utfordrarbygda.

Sjå plan →
Illustrasjon av utfordrarbygda