Kompetansemiljø i eliteserien

Kompetansemiljø i eliteserien er særleg retta mot forskings- og utdanningsinstitusjonane, studentane, andre offentlege arbeidsplassar, gründermiljøet og næringsliv elles

Resultat 1

Vere digitaliseringshovudstaden for offentleg sektor i Noreg

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Vere i front i bruk av digitale verktøy og løysingar i eiga verksemd gjennom å lære av andre og smart bruk av innovative innkjøpsordningar
b.
Fasilitere og bidra aktivt i digitaliseringsnettverk saman med andre aktørar lokalt, og i relevante regionale og nasjonale nettverk
c.
Trene organisasjonen i brukarorientert tenesteutvikling som er nyttig, kostnadssparande og hevar kvaliteten
d.
Jobbe politisk mot dei politiske og administrative leiingsmiljøa hjå stat og fylke for å sikre at vidareutvikling og nye satsingar vert lokaliserte til digitaliseringshovudstaden på Leikanger
Resultat 2

Styrke posisjonen som den fremste studiestaden i Vestland utanfor Bergen

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Syte for gode koplingar mellom arbeidslivet og studietilboda, og vere ein pådrivar for samskapingsprosjekt
b.
Løfte fram lokale kompetanseforum som sikrar god kunnskap om utfordringane og mogelegheitene i overgangen mellom vidaregåande og høgare utdanning og i arbeidslivet sine noverande og framtidige behov
c.
Syte for gode kommunale tenester for studentane, og lage gode og oppdaterte studentmeldingar
d.
Løfte fram kvalitetane ved studiestaden Sogndal som ein attraktiv stad for friluftsliv og aktiv livsstil i relevante kanalar
e.
Jobbe tett saman med styre og leiarar i HVL for å sikre at Campus Sogndal har ei positiv utvikling som gjev rom for vidare vekst
f.
Bidra politisk og administrativt for å sikre at Sogndal vidaregåande har rom for å utvikle seg vidare og vekse
g.
Etablere offentlege doktorgradsstipendiat, først og fremst knytt til oppvekstsektoren
Resultat 3

Bli eit føredøme på forsking, utvikling og forvaltning av distriktsreiselivet

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Vere i front i bruk av digitale verktøy og løysingar i eiga verksemd gjennom å lære av andre og smart bruk av innovative innkjøpsordningar
b.
Fasilitere og bidra aktivt i digitaliseringsnettverk saman med andre aktørar lokalt, og i relevante regionale og nasjonale nettverk
c.
Trene organisasjonen i brukarorientert tenesteutvikling som er nyttig, kostnadssparande og hevar kvaliteten
d.
Jobbe politisk mot dei politiske og administrative leiingsmiljøa hjå stat og fylke for å sikre at vidareutvikling og nye satsingar vert lokaliserte til digitaliseringshovudstaden på Leikanger
e.
Alle turløyper i kommunen skal skiltast og merkast etter nasjonal merkestandard
f.
Vere pådrivar for at lag og organisasjonar etablerer lågterskel turløypenett i alle bygdene i kommunen
g.
Legge til rette for at lag og organisasjonar samarbeider med kvarandre om modellar for utvikling og drift av anlegg
h.
Gi alle frivillige lag og organisasjonar gratis tilgang til Tilskuddsportalen
i.
Etablere praksis med forskotering av spelemidlar til anleggsutvikling
j.
Etablere gode samarbeid med grunneigarar om tilkomst og parkering som gjer utfartsområde tilgjengelege for ålmenta
k.
Utvikle tilrettelagde nærturområde ved tettstadene
Resultat 4

Bidra til den nasjonale utviklinga av koplinga mellom fysisk aktivitet, toppidrett og læring

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Vere ein aktiv medspelar og deltakar i eksterne prosjekt som er relevante for barnehage- og grunnskuletenestene i kommunen
b.
Legge til rette for relevant tilleggs- og vidareutdanning for eigne tilsette
c.
Ha fokus på fagleg oppdatering på tema knytt til fysisk aktivitet og læring
d.
Ta initiativ til auka samarbeid med Sogndal Fotball, HVL og breiddeidretten for å sikre læring og god overføring mellom toppidrett og breidde
e.
Satse på samarbeidet med Senter for fysisk aktiv læring
Resultat 5

Bygge ei regional klynge knytt til produksjon og foredling av mat og drikke

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Nytte landbrukspolitikken og -forvaltninga til å stimulere til auka produksjon og høgre utnytting av produktivt areal, og for å unngå nedbygging av attraktivt produksjonsareal
b.
Lære av korleis Lærdal har jobba med produktutvikling og innovasjon i landbruket
c.
Nytte faglaga og landbrukssamvirka til å drive fram gode og relevante utviklingsprosjekt for næringa, og dra vekslar på regionale og nasjonale satsingar
d.
Ta initiativ til og bidra i å få etablert ei foredlingsklynge med regionale ambisjonar som byggjer på dei sterke foredlingsmiljøa og -kompetansen som finst hjå Balholm, Lærum, Nortura og fleire
e.
Fase inn mest mogeleg bruk av lokalt produserte og foredla mat- og drikkeprodukt i eigne innkjøp
Resultat 6

Dyrke fram gode leiarar i og frå Sogn på tvers av bransjar og sektorar

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Sette eige leiarutviklingsarbeid i system, og invitere med andre offentlege og private verksemder til å samarbeide om leiarutvikling
b.
Bidra til å få etablert eit eige leiartalentprogram som bør starte så tidleg som mogeleg
c.
Ta initiativ til nettverk for unge leiarar, og oppmode eigne unge leiarar om å delta aktivt
d.
Kople leiarutviklingsarbeidet til arbeidet med entreprenørskap i ungdomsskulen, vidaregåande- og høgskulen sine møtestadar
Resultat 7

Vere ein attraktiv og påliteleg vertskommune

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Syte for å ha oppdaterte og framtidsretta arealplanar og effektive plan- og byggesakstenester
b.
Drive kontinuerleg og godt stadutviklingsarbeid og sikre god kapasitet og kvalitet på bustad, barnehage og skule
c.
Vere ein pådrivar for god kommunikasjon mellom private og offentlege verksemder, og ha kapasitet og kompetanse til å følgje opp viktige strategiske initiativ 
d.
Planlegge for at tettstadane i Sogndal blir 5-minuttssamfunn som gjev eit tydeleg alternativ til dei som ønskjer å unngå ulempene på større stadar
e.
Sterkt samarbeid med andre om rekruttering og profilering av bukvalitetane i Sogn

Sjå nærare på dei andre satsingsområda