Best på oppvekst

Særleg viktige målgrupper

Alle barn

Alle barn treng gode tenester, nærmiljø og fritidsaktivitetar

All ungdom

Alle ungdommar treng aktivitetar, møteplassar, mobilitet og tilpassa helsetenester

Utsette barn og unge

Barn og unge med sosiale, økonomiske eller helsemessige utfordringar har behov for god tilrettelegging for å ha best mogleg føresetnader for gode liv

Føresette

Godt fungerande familiar er grunnleggjande for god helse og trivsel hjå barn og unge, og fordi føresette er ein viktig samarbeidspart for å sikre gode kommunale tenester
Resultat 1.1

Koordinerte og tilgjengelege helse- og oppveksttenester for barn og unge

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Bruke tverrfaglege nettverk for kunnskapsdeling og samhandling mellom interne og eksterne faginstansar
b.
Sørge for kontinuerleg kvalitetsutvikling i tenestene, t.d. gjennom betre tverrfagleg innsats-modellen
c.
Gje føresette god fagleg oppfølging og rettleiing
d.
Sikre tett oppfølging av barn og unge gjennom sjølvstendige tilsette og samhandling på tvers
e.
Gje lågterskel psykisk helsehjelp til alle ungdommar i kommunen, også dei som går på skule eller studerer her
f.
Nytte potensialet på digitale flater for informasjon, kommunikasjon og rettleiing til barn, ungdom og føresette
g.
Utvikle ein modell for å betre samhandlinga rundt tenestetilboda, t.d. som «familiens hus»
h.
Me skal auke kompetansen vår og gje tilsette verktøy og kompetanse til å identifisere og motverke ekstremisme og rasisme.
i.
Skular, barnehagar og helsestasjon skal medverke til å normalisereulike identitetar knytt til kjønn og seksualitet. Dei tilsette som jobbar med ungdom skal kunne tilby LHBT+ -ungdom relevant informasjon dersom dei møter på utfordringar knytt til sin identitet
Resultat 1.2

Best mogleg føresetnader for utsette barn og unge

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Sørge for å ha system og kompetanse for å fange opp barn og unge med vanskar
b.
Gje langsiktig og koordinert oppfølging til utsette barn og unge
c.
Utvikle løysingar for omsorgsbustader for barn og unge saman med brukarar og føresette
d.
Sørge for at barn i låginntektsfamiliar har moglegheit til å delta i barnehage, SFO og alle aktivitetar i skulen
e.
Legge til rette for at utsette barn og unge deltek på fritidsaktivitetar
f.
Kartlegge folkehelseutfordringar hjå barn og unge gjennom ein brei og forankra prosess
Resultat 1.3

Føregangskommune for barnehage- og skuleutvikling

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Byggje gode fagmiljø mellom tilsette, leiarar og eksterne
b.
Byggje gode psykososiale miljø saman med barn og føresette
c.
Sjå skular og barnehagar som ein del av lokalsamfunnet
d.
Sørge for gode overgangar til barnehage, barneskule og ungdomsskule saman med barn og føresette
e.
Bruke kvalitetar i nærområda og lokale ressurspersonar for leik og praktisk læring
f.
Bruke nærområdet til å byggje engasjement for klima, miljø og ressursbruk
g.
Bruke fysisk aktivitet i pedagogikken
h.
Bruke teknologi og digitale hjelpemiddel i pedagogikk og drift
i.
Samarbeide med dei vidaregåande skulane og HVL for å vidareutvikle utdanningsløpet
j.
Vurdere å bruke doktorgradsstipendiat for offentleg sektor til å knyte tettare band mellom praksisfeltet og fag- og forskingskompetansen som HVL representerer
k.
Gje rom for delte stillingar mellom oppvekstsektoren og HVL
l.
Bruke pilotar eller forbetringsprosjekt til å gje gode løysingar og utvikling av tenestene, og danne grunnlag for ekstern finansiering
m.
Legge til rette for at skular og barnehagar har tilgang til rom og utstyr som inspirerer til kulturelle aktivitetar, og at skular og barnehagar kan ta kulturtilbodet i kommunen aktivt i bruk
n.
Legge til rette for kunst-, kultur- og kreative tilbod for barn og ungdom
Resultat 1.4

Eigna bustader for barnefamiliar i alle delar av kommunen

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Legge til rette for bustader i alle delar av kommunen
b.
Bruke planprosessar aktivt til å fremje kvalitet for bustader og bumiljø
c.
Tilby sosiale bustader i blanda bumiljø
d.
Sikre god kvalitet på inne- og utemiljø i alle sosiale bustader
e.
Bruke leige til eige-modellar for å hjelpe barnefamiliar og ungdom i etableringsfasen inn på bustadmarknaden
Resultat 1.5

Lokalsamfunn som innbyr til fritidsaktivitet og sosiale møte 

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Etablere aktivitetsparkar for ungdom i sentrumskjerna i alle tettstader
b.
Etablere uformelle møteplassar for ungdom innomhus i kvar tettstad
c.
Legge til rette for grøne friområde tett på alle skular, barnehagar og idrettsanlegg
d.
Bidra til vedlikehald og oppgradering av leikeplassar
e.
Vere pådrivar for at bygdehusa har eit mangfaldig aktivitetstilbod og fungerer som møteplassar på tvers av alder
f.
Prioritere etablering og vedlikehald av gang- og sykkelvegar og snarvegar mellom bustadområde, skular, barnehagar og fritidsaktivitetar
g.
Stimulere til mangfald i fritidstilbod for og av barn og unge
h.
Legge til rette for at barn og unge, og særleg utsette barn og unge, deltek i kommunepolitikken og i utviklinga av kommunesamfunnet
Resultat 1.6

Gode overgangar frå ungdom til arbeidsliv

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Gje brei og tidleg rådgjeving om moglegheiter etter ungdomsskulen i samarbeid med lokale utdanningsinstitusjonar og arbeidsgjevarar
b.
Vere pådrivar for god marknadsføring av det lokale vidaregåande- og studietilbodet og butilhøva i Sogndal
c.
Vere pådrivar for gode leigebustader for elevar og studentar
d.
Gje tilreisande elevar og studentar god informasjon om kommunen og tenestene våre
e.
Vere pådrivar for at skule- og studietilbodet i kommunen og arbeidsplassane i Sogn dreg vekslar på kvarandre
f.
Vere pådrivar for fleire læreplassar i Sogn i samarbeid med Sogn Næring
g.
Samarbeide med lokale arbeidsgjevarar og utdanningsinstitusjonar om arbeid og utdanning til unge utanfor skule og arbeidsliv

Sjå nærare på dei andre satsingsområda