Høg klimaomstilling / Høg aksept i lokalsamfunnet

Økopiloten

Kommunane har låge klimautslepp og forsøker førebygge for skader etter klimahendingar. Det er gjort medvite val som lokalsamfunnet stiller seg bak.

Foto: Linda Olin Reite, NRK
Marius bur i eit klyngetun i Gaupne sentrum i lag kona Hanna og tre born. Rundt ein triveleg felleshage bur tretti andre naboar. Medan ungane leikar mellom epletre og drivhus strøymer det afrikanske rytmar ut i frå fellesverkstaden. Lasteplanet på burettslaget sin el-traktor vert reparert.
Foto: Mariann Yttri
Foto:  Marta K. Jansen
Reservebesteforeldra Einar og Lisbeth flytta inn i nabohuset i fjor, for å komme nærare butikkar, eldresenter og vener. Grenda dei flytta frå hadde mista handels- og omsorgstilbodet. Det var ingen blivande stad å bli gamal på. I Gaupne kvitta dei seg med privatbilen og kjøpte seg inn i kommunen sitt mobilitetsfellesskap. Fri tilgang til fleksible elfarkostar og kollektivtilbod mot ein månadleg avgift. 
Marius jobbar i ein teknologibedrift som er verdsleiande på å føresjå tryggleiksutfordringar for kollektiv- og godstrafikk. Bedrifta sprang ut frå ein regional stordatasatsing i 2023. Som regel sit Mario på nabolagskontoret i Gaupne med naboar som jobbar i andre bedrifter. Men no og då tek han den autonome hydrogenbåten til Leikanger for å vere fysisk til stades på jobben.   

“Fri tilgang til fleksible elfarkostar og kollektivtilbod mot ein månadleg avgift”

Hva har skjedd?

Kommunane setter av store midlar til utsleppsreduksjon og førebygging av naturskadehendingar. Tettstadene opplever folketalsvekst, men grendene slit med fråflytting. Innovative bedrifter og attraktive tettstader tilbyr ein pakke som trekker til seg unge folk med høg kompetanse. 
🏘
Aktiv fortettingspolitikk gir varierte bustadformer
🌿
 Landbruket og næringslivet utviklar nyskapande klimaløysingar
🏗
Klima- og arealrekneskap ved utbyggingar
🚦
Mobilitetssystem gir fleksible transportløysingar

Kva hovudgrep gjorde kommunane?

Grep 1

Aktiv og streng fortettingspolitikk

Områdeplanar og bustadstrategiar opna for kompakt og variert bustadbygging i sentrumsområde. Tida for nye bustadsatellittar utanfor sentrumskjerna er forbi. Streng handheving av bygging på natur- og landbruksareal tvinga fram arealeffektive buformer.
Foto: Kyrre Groven
Grep 2

Saumlause mobilitetssystem

Kommunane danna sterke alliansar i regionen for å gjennomføre kostnadskrevjande klimaløft i transportsektoren. Fleire ambisiøse samferdselsprosjekt vart skrinlagt grunna høgt klimafotavtrykk, og erstatta med smartare og meir fleksible mobilitetssatsingar. 
Grep 3

Minimerte omstillingsrisikoen 

Verkemiddelapparatet jobba over lang tid for å redusere landbruket og næringslivet sin sårbarheit for klimaendringar og klimautslepp. Kommunane prioriterte dei nyskapande og klimavennlege satsingane, men tilbaud alle bedrifter klimarågjeving for å stimulere til omstilling. 
Grep 4

Involvering av innbyggjarar

Kommunane jobba saman med innbyggjarane, frivillige og næringslivet om utviklinga. Lokalsamfunna stilte seg bak dei politiske prioriteringane som kommunar og regionråd vedtok.

Korleis påverkar dette bustad?

Det er bustadtilbod for alle livssituasjonar i sentrumsområda, medan grendene opplever forgubbing og fleire tomme hus.  

Korleis påverkar dette arbeid?

Landbruket og næringslivet har god tilgang på eksterne investerings- og lånemidlar sidan innovasjonsgraden er høg og klimarisikoen er redusert. 

Korleis påverkar dette transport?

Eit fleksibelt mobilitetssystem skapar 5-minuttarssamfunn der el-syklar, bildeling og kollektivtilbod gjer privatbilen overflødig

Scenariospørsmål

Kva slags følelse sit du att med etter å ha lese denne scenarioforteljinga?
Kva slags positive element finn du i dette scenarioet?
Kva slags negative element finn du i dette scenarioet?
Kva kan du gjere dei neste fem åra for at me skal unngå dei negative elementa?
Kva kan du gjere dei neste fem åra for at me skal oppnå dei positive elementa?

Utforsk dei ulike scenarioa

Tilbake til toppen ↑