Låg klimaomstilling / Høg aksept i lokalsamfunnet

Gjerdesitjaren

Kommunane har høge klimautslepp og slit med skader etter klimahendingar. Det er gjort medvite val som lokalsamfunnet stiller seg bak.

Foto: Linda Olin Reite, NRK
Ingvill er femte generasjons drivar av eit gardsbruk på Hafslo med sau og frukt. Tre dagar i veka tek ho el-bilen til ein 60% jobb på planavdelinga hjå Statsforvaltaren på Leikanger. Utan den jobben hadde ikkje økonomien gått rundt. Gardsinntekta er for låg og ustabil åleine.
Foto: Aina Thomassen
Det toppa seg i fjor, då ei lang tørkeperiode vart avbroten av kraftig nedbør. Den delen av avlinga som ikkje strauk med i tørka, vart sveipa vekk av eit jordras. Berre flaks gjorde at liv ikkje gjekk tapt. Og medan kommunen, staten og forsikringsselskapet krangla om erstatninga, skaut kraftforprisane i veret grunna avlingssvikt i andre land.  
Ingvill tel på knappane. Dersom ho legg ned drifta kan ho selje deler av innmarka som bustadtomter. Men bustadmarknaden er ganske metta, og ho treng ikkje pengane no. Mannen til Ingvill har nemleg byrja pendle til ein godt betalt jobb i Årdal. Moglegheita opna seg med den nye Sognefjordbrua, som trass skyhøge klimautslepp vart lirka gjennom av regionrådet. 

“Den delen av avlinga som ikkje strauk med i tørka, vart sveipa vekk av eit jordras. Berre flaks gjorde at liv ikkje gjekk tapt”

Hva har skjedd?

Kommunane prioriterer ikkje utsleppsreduksjon i budsjetta sine. Det blir brukt store midlar på tryggingstiltak etter naturskade. Folketalsutviklinga går nedover og det same gjer talet på kompetansearbeidsplassar. Unge søkjer mot kommunar som er meir attraktive og nyskapande.  
🏡
God tilgang på einebustader alle stader
🐢
Lite nyskaping i landbruket og næringslivet
🛣
Nedbygging av natur- og landbruksareal
🌊
Regionalt samarbeid om rass- og flaumsikring

Kva hovudgrep gjorde kommunane?

Grep 1

Planla for einebustader

Arealplanane opna for einebustadbygging i og utanfor tettstader og grender, men meir restriktivt i Sogndal av omsyn til utviklinga andre stader. Det vart opna for bygging på natur- og landbruksareal dersom det var behov for fleire bustader. Fortetting var mindre viktig. 
Grep 2

Strategisk vegsamarbeid

Kommunane danna sterke alliansar i regionen for å få gjennomslag for større vegprosjekt. Trygge vegar og kortare reisetid var politiske fanesaker i kommunane og regionrådet. Det vart jobba for tunnelar og bruer utan omsyn til klimautsleppa frå tiltaka. 
Grep 3

Brei satsing på næringslivet

Kommunane sitt næringsapparat støtta nærings- og landbruksinitiativ som kunne gi verdiskaping og arbeidsplassar, uavhengig av om dei påverka eller vart påverka av klimautfordringa. 
Grep 4

Involvering av innbyggjarar

Kommunane jobba saman med innbyggjarane, frivillige og næringslivet om utviklinga. Lokalsamfunna stilte seg bak dei politiske prioriteringane som kommunar og regionråd vedtok.

Korleis påverkar dette bustad?

Innbyggjarane byggjer som regel einebustad der dei ønskjer, medan marknad for leilegheitsbygging i sentrum får seg ein knekk.

Korleis påverkar dette arbeid?

Bedrifter og bønder har vanskar med å skaffe ekstern finansiering til vidare utvikling sidan investorar og bankar meiner dei er for sårbare for klimautslepp og klimaendringar.

Korleis påverkar dette transport?

Satsing på vegar og kortare reisetid skapar 20-minuttarssamfunn der bilen er det viktigaste transportmiddelet.  
Foto: Idun Husabø

Scenariospørsmål

Kva slags følelse sit du att med etter å ha lese denne scenarioforteljinga?
Kva slags positive element finn du i dette scenarioet?
Kva slags negative element finn du i dette scenarioet?
Kva kan du gjere dei neste fem åra for at me skal unngå dei negative elementa?
Kva kan du gjere dei neste fem åra for at me skal oppnå dei positive elementa?

Utforsk dei ulike scenarioa

Tilbake til toppen ↑