Høg klimaomstilling / Låg aksept i lokalsamfunnet

Bulldosaren

Kommunane har redusert klimautsleppa og slit med skader etter klimahendingar. Det murrar i lokalsamfunnet og mange føler seg overkøyrt.

Nils og Åshild leiger ein tomannsbustad på Leikanger. Dei vurderte ein stund å kjøpe leilegheit på Hermansverk, men det freista ikkje med eit dyrt krypinn utan gjesterom, hageflekk og riksvegen tett på. Særleg ikkje no som Åshild er gravid med deira første barn. Hadde dei berre hatt tilgang på eit hus med ein hageflekk!
Foto: Aina Thomassen
Åshild køyrer el-bil til og frå butikkjobben i Fjøra. Ho tykkjer bomvegavgift på toppen av parkeringsavgift i sentrum er sure pengar. Fjøra er no uansett framleis eit kaos på morgon og ettermiddag, med syklar, gåande og bilar om ein annan. Men det er også fleire folk i sentrum på dagtid, noko som er positivt for butikken. 
Entreprenørfirmaet som Nils jobbar for går ok, men mister ein del oppdrag på grunn av strenge miljøkrav. Dei treng fleire ingeniørar for å komme i posisjon. Diverre er ikkje Leikanger ein attraktiv stad for høgt utdanna folk med høge lønskrav. Ingeniørane vil til Sogndal, der Nils og Åshild ser ein utvikling som dei ikkje har råd til å ta del i sjølve.     

“Fjøra er no uansett framleis eit kaos på morgon og ettermiddag, med syklar, gåande og bilar om ein annan”

Hva har skjedd?

Kommunane prioriterer utsleppsreduksjon i budsjetta sine. Det blir krangla om midlar til tryggingstiltak etter naturskade. Mange ønskjer å bu i regionsenteret, men høge prisar sender folk med låg eller vanleg inntekt til andre bygder. Dårleg planlagde lokalsamfunn påverkar attraktiviteten og tilgangen på arbeidskraft. 
🏢
Lite variert fortetting forsterkar sosiale skilje
🛤
Mange bedrifter står att på perrongen
🔨
Stort trykk for å byggje på natur-
og landbruksareal
⚠️
Kamp på vegen mellom bilar og mjuke trafikantar

Kva hovudgrep gjorde kommunane?

Grep 1

Passiv og mjuk fortettingspolitikk

Områdeplanar opna for fortetting i sentrumsområda, men også nokre kompakte bustadsatellittar for å gi eit tilbod til alle. Dette kravde ein del dispensasjonar til bygging på natur- og landbruksareal. 
Foto: Aina Thomassen
Grep 2

Kamp mot bilismen

Kommunane jobba for å redusere privatbilismen ved å nedprioritere vegutbetringar, ta bort parkeringsplassar og innføre avgifter på bruk av parkering og veg. Men kommunen utvikla samstundes få alternativ til å køyre privatbil. 
Grep 3

Klimakrav i næringslivet

Kommunane jobba for å gjere dei mest konkurranseutsette næringane mindre sårbare for klimakrav og klimaendringar, men ein stor del av næringslivet fekk ikkje hjelpen dei trengte til å møte klimautfordringane. Alle kommunale anbods- og innkjøpsrundar hadde strenge klimakrav. 
Grep 4

Lukka prosessar

Dei politiske prosessane var raske og lukka. Politiske prioriteringar vart ikkje avstemt med lokalsamfunna utover formelle høyringar og lokalvalresultatet kvart fjerde år. 

Korleis påverkar dette bustad?

Høge prisar og lite variert fortetting i Sogndal og Gaupne skapar eit sosialt skilje, der låginntektsgrupper og barnefamiliar må kjøpe bustad i andre delar av kommunen.

Korleis påverkar dette arbeid?

Det er eit verdiskapingsgap mellom nokre svært nyskapande og attraktive bedrifter, og dei meir tradisjonelle bedriftene som verken kan eller vil omstille seg.

Korleis påverkar dette transport?

Mange må køyre bil på grunn av lange avstandar mellom bustad og arbeid, medan mjuke trafikkantar i sentrumsområda føler seg uttrygge i trafikken. 

Scenariospørsmål

Kva slags følelse sit du att med etter å ha lese denne scenarioforteljinga?
Kva slags positive element finn du i dette scenarioet?
Kva slags negative element finn du i dette scenarioet?
Kva kan du gjere dei neste fem åra for at me skal unngå dei negative elementa?
Kva kan du gjere dei neste fem åra for at me skal oppnå dei positive elementa?

Utforsk dei ulike scenarioa

Tilbake til toppen ↑