Låg klimaomstilling / Låg aksept i lokalsamfunnet

Lappeteppet

Kommunane har høge klimautslepp og slit med store skader etter klimahendingar. Det murrar i lokalsamfunnet og ingen forstår korleis det gjekk til. 

Foto: Linda Olin Reite, NRK
Sondre har nyleg flytta inn i eit nytt einebustadfelt i Sogndal med kone og to barn. Frå det nedlagte landbruksarealet tek det 5 minuttar å køyre til Fjøra på trygg og god veg. Etter 10 år på Hafslo er det frigjerande å sleppe steinsprang og holkeføre i Årøysvingane på veg til jobben på Kaupanger. No manglar berre tunnelen frå Loftesnes til Valeberg, eit langvarig konflikttema i kommunen. 
Foto: Mariann Yttri
Foto: Aina Thomassen
Verre er den manglande hydrogensatsinga i regionen. Sogn ligg i bakevja for hydrogendriven godstransport på sjø og på land, og bedrifta til Sondre tapar marknadsandelar på grunn av det. Dei er frustrert over lite hjelp frå kommunane. Der går alle pengane til eldreomsorg og reperasjon av rotnande skule- og omsorgsbygg. 
Bedrifta til Sondre leverer fabrikkutstyr i norgestoppen, men geografi er ein stor propp for produksjon, sal og rekruttering. Sondre har ikkje tal på kor mange flinke tilsette som har flytta dei siste åra. Det er vanskeleg å konkurrere mot høgare lønningar og meir pulserande lokalsamfunn i Førde og Bergen. 

“Dei er frustrert over lite hjelp frå kommunane. Der går alle pengane til eldreomsorg og reperasjon av rotnande skule- og omsorgsbygg”

Hva har skjedd?

Kommunane prioriterer ikkje utsleppsreduksjon i budsjetta sine. Det blir krangla om midlar til reperasjonar etter naturskade. Det er stor gjennomstrøyming av innbyggjarar og mangel på kompetent arbeidskraft. Tettstadene er ikkje attraktive nok til at tilsette i innovative bedrifter blir verande. 
🏠
Einebustadbygging i Sogndal tappar bygdene rundt
♻️
Konkurranseutsette bedrifter omstiller seg
🌳
Nedbygging av natur- og landbruksareal
🚧
Naturskadar på veg, landbruksjord og anna infrastruktur

Kva hovudgrep gjorde kommunane?

Grep 1

Dispensasjonar frå planar

Kommunane oppdaterte ikkje areal- og reguleringsplanane sine, og ga mange dispensasjonar til utbyggingsprosjekt. Det vart opna for bygging på natur- og landbruksareal, særleg rundt Sogndal. Fortetting og arealeffektiv utnytting vart ikkje prioritert.
Grep 2

Fragmentert vegsatsing

Kommunane var ueinige om kva store vegprosjekt dei skulle prioritere. Medan dei venta på gjennomslag for vegprosjekta sine brukte det offentlege mykje ressursar på å reparerasjon etter naturskade. 
Grep 3

Kortsiktig næringsfokus

Verkemiddelapparat støtta ikkje bedrifter og bønder som ville redusere sårbarheita si for klimaendringar og klimautslepp. Dei prioriterte i staden næringsinitiativ som hadde umiddelbar verknad på bedrifter si omsetting. 
Grep 4

Lukka prosessar

Dei politiske prosessane var raske og lukka. Politiske prioriteringar vart ikkje avstemt med lokalsamfunna utover formelle høyringar og lokalvalresultatet kvart fjerde år. 

Korleis påverkar dette bustad?

Einebustadbygginga skjer primært nær Sogndal sentrum, medan det er lite sirkulasjon og utvikling i bustadmarknaden elles i kommunane. 

Korleis påverkar dette arbeid?

Dei mest konkurranseutsette bedriftene klarar å omstille seg til nye krav i marknaden, men dei fleste bedriftene tapar i konkurranse med omverda

Korleis påverkar dette transport?

Innbyggjarane bur og jobbar slik at dei slepp dagpendling på utrygge vegar, medan reiselivet og godstransporten opplever stadige utfordringar med vegstenging. 

Scenariospørsmål

Kva slags følelse sit du att med etter å ha lese denne scenarioforteljinga?
Kva slags positive element finn du i dette scenarioet?
Kva slags negative element finn du i dette scenarioet?
Kva kan du gjere dei neste fem åra for at me skal unngå dei negative elementa?
Kva kan du gjere dei neste fem åra for at me skal oppnå dei positive elementa?

Utforsk dei ulike scenarioa

Tilbake til toppen ↑