Kulturminneplanar er ikkje berre historiske dokument, dei er levande manifestasjonar av vår kulturarv og identitet.
Deltaking styrkar lokalsamfunn, knytter folk til sin historie, og gagnar både noverande og framtidige generasjonar. Difor er di aktive deltaking i kulturmiljøplanen ein verdifull innsats for å forme vår kulturarv og identitet.
Utover hausten 2023 vil vi arbeide med å hente inn innspel til kulturminne som ikkje er i dei opprinnelege kulturminneplanane. Arbeidet med å lage den nye planen startar opp rundt nyttår og vil gå utover vinteren og våren 2024. Vi arrangerar arbeidsverkstader der frivillige organisasjonar, bygdelag, sogelag og alle andre som er interesserte kan vere med og foreslå kva som bør inn i den nye kulturminneplanen.
Her kan du sjå dei eksisterande kulturminneplanane: