Arealplan for Sogndal kommune
2023-2033

Om dokumentet

Arealplanen seier kva som kan byggjast kvar i heile kommunen.
Dei viktigaste måla er å følgje opp satsingane i samfunnsplanen og å gje ein felles og oppdatert arealpolitikk for heile kommunen.

Kva skjer framover?      

Omarbeiding av planen og dialog om uløyste motsegner
I fasen som planarbeidet er inne i no vert plandokumenta oppdatert slik kommunestyret vedtok i mars 2024. Så vert det nye utkastet sendt på ei avgrensa høyring til etatane som fremja motsegner til planen, og kommunen vil få tilbakemelding om motsegnene er løyste eller ikkje. Statsforvaltaren er venta å gje formell uttale til planen då. Etter høyringa vil kommunen gå i dialog med etatane om motsegner som står att.

Siste fase
I den siste fasen av planarbeidet vert plandokumenta ferdig utarbeidde og lagt fram for politisk handsaming. For at vedtaket skalvere gyldig må alle motsegnene vere løyste. Viss dei ikkje er det, vert arealplanen sendt til endeleg handsaming i kommunal- og distriktsdepartementet.

Kva har skjedd sidan første planutkast?

Offentleg ettersyn
Det første utkastet til ny arealplan låg ute til offentleg ettersyn 23.06.23-15.09.23. I denne perioden kom det inn merknadar frå innbyggjarar og høyringsuttaler frå statlege og regionale etatar om innhaldet i planen. Statsforvaltaren bad om utsett frist for å gje uttale, og tilbydde i staden dialog om planen. I dialogen peika Statsforvaltaren på korleis planen burde omarbeidast for verte meir i tråd med nasjonale og regionale føringar.

Vedtak om å gjere endringar i arealplanen
Ut frå innspela og dialogen la kommunedirektøren fram tilrådingar om korleis planen bør endrast, og 21. mars 2024 tok kommunestyret stilling til innhaldet i planen på nytt. I vedtaket imøtekom kommunestyret fleire av motsegnene, og bad mellom anna administrasjonen om å ta ut fleire areal av planen, fastsette kva reguleringsplanar som framleis skal gjelde framfor arealplanen, teikne byggjegrense langs sjø og vassdrag og fastsette vilkår for LNF spreidd-område.

→ Klikk her for å finne saka  
Saka heiter PS 18/2024: Uttaler og merknader frå offentleg ettersyn av arealplanen. Vedtaket til kommunestyret ligg under Saksprotokollar, frå side 11 i protokollen.

Sjå det første planutkastet

Plankartet har fargekodar for arealføremål, og viser kva som er tillate kvar. I tillegg viser skraveringar i kartet omsynssoner for farar, naturverdiar, kulturminne osb. Plankartet er juridisk bindande, og legg dermed føringar for korleis dei ulike områda i kommunen kan nyttast.

Føresegnene inneheld generelle føringar som gjeld for heile planen og særskilte føresegner knytt til kvart føremål. Føresegnene er juridisk bindande, og utfyller arealbruken som er fastlagt i plankartet. Retningslinjene er ikkje juridisk bindande, men er rettleiande for planar og tiltak.

Planomtalen forklarar og gir oversikt over arealplanen sitt føremål og hovudinnhald. I planomtalen kan du også lese om planprosessen, medverknadsopplegg, utfordringsbiletet, strategiar og verknader av planen.

KU- og ROS-rapportene står for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse. Rapportene vurderer konsekvensane av kvart enkelt nye byggjeområde som kan ha betydelege verknader for miljø og samfunn.

Interessert i strategi og bakgrunnsdokument?

Tidleg i prosessen vart det utarbeidd ein bustadanalyse, ein arealstrategi og ein temaplan for naturmangfald. Dei er også til offentleg ettersyn no.

Hjelp, eg vil forstå planen!

Er du oppteken av eit spesielt område, til dømes nærområdet ditt eller eigedomen din?

Zoom deg inn i kartet med + og – teikna nede til høgre, eller

Søk etter adresse, stad eller eigedom oppe til høgre

I menyen til høgre kan du trykke på «arealformål». Då ser du kva dette området er sett av til, og om det ligg omsynssoner over området.

→ Du kan også leite etter området i pfd-filene av plankartet, lese av fargen på kartet og tolke den i teiknforklaringa. Men OBS: Du får ikkje opp informasjon om du trykker i kartet, og omsynssonene er ikkje teikna inn. Kva med å prøve Kommunekart?

→ Når du har funne føremålet i kartet kan du lese i føresegnene kva som gjeld spesielt for dette føremålet. Sjå på innhaldslista i kapittel 2 i føresegnene og finn føremålet du vil lese om.

→ Lurer du på kvifor føremåla i plankartet er teikna slik dei er? Les konsekvensutgreiinga (KU og ROS-rapporten). Vel rapporten for den delen av kommunen du vil lese om, og finn rett areal i innhaldslista.

Er du oppteken av eit særskilt tema, t.d. natur, bustad, kulturminne eller tettstadutvikling?

→ Les planomtalen. Kapittel 3 gir innføring i innhaldet i planen og kapittel 4 omtalar konsekvensar for ulike tema.

→ Finn føresegnene for temaet du er oppteken av. I kapittel 1 står føresegner som gjeld for alle areal i heile kommunen, uansett farge på plankartet. Føresegnene i kapittel 2 og 3 viser til område eller skraveringar i plankartet, og her kan temaet også vere nemnt.

Tips: Når du har opna dokumentet, trykk på forstørringsglaset øvst til høgre, og søk på temaet. Bruk piltastane til å hoppe nedover i dokumenta.

Er du oppteken av kvifor planen vart som den vart, og korleis prosessen har vore?

→ Det første kapittelet i planomtalen fortel om plandokumenta og prosessen til no.

→ Det andre kapittelet i planomtalen forklarar rammene for planarbeidet – kva som må til for å følgje opp samfunnsplanen, kva regjeringa forventar av planarbeidet vårt, og kva kunnskap og strategiar som ligg til grunn for arealplanen.

Kvar finn eg ut kva som vart vedteke?

→ Vedtaka frå kommunestyret ligg under kvart område i KU og ROS-rapporten. Her ligg også kommunedirektøren si vurdering av kvart område, med tilråding til kommunestyret.

→ Før arealplanen vart lagt ut på offentleg ettersyn vart han handsama tre gonger - først i plan og forvaltingsutvalet 7. juni, deretter i formannskapet 8. juni og tilslutt kommunestyret 15. juni. Dei som er interesserte i avstemmingane og detaljane i vedtaka som vart gjort kan lese protokollane frå møta. Dei finn du hvis du trykker her.  Gå til sak PS 38/2023. På nederste linja finn du saksprotokollane.

Folkemøte om arealplanen

I høyringsperioden inviterte kommunen til folkemøte om arealplanen i Sogndal. I møtet orienterte kommunen om planen, før det vert ei god økt med innspel og spørsmål frå salen. Dei som følgde strøyminga av møtet kunne sende inn spørsmål og merknader via Slido.

Sjå programmet for folkemøte her