Sogndal kommune v/ Plan og forvaltning har engasjert Asplan Viak i arbeidet via ein anbodskonkurranse, og me skal saman med god medverking og politisk forankring utarbeide ein områdereguleringsplan for Rutlin/Ulvahaugen.
Ein områdereguleringsplan skal avklare hovudstrukturane og prinsippa for bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader i eit større område, og/eller legge rammer for videre detaljering. Det er på Rutlin/Ulvahaugen stilt krav om områdeplan i Sogndal kommune sin arealdel.
Størrelsen på planområdet er om lag 155 dekar. Forslag til planområdet er avgrensa langs yttersida av Trolladalen og Lunnamyri – undersida av grøntareal på Haugen–langs Rutlinslid – ned langs Leitevegen- Prestadalen.
Rutlin/Ulvahaugen skal med dette målet bli eit bustadområde med relativt høg tettheit, god arkitektur med livsløpsstandard, i eit utbyggingsmønster som skapar gode uteområde der ulike menneske kan møtast. Bustadområdet ligg i gangavstand frå Sogndal sentrum, og det kan vere aktuelt å opna for etablering av bustad tilknytt næring, til dømes kafé og nærbutikk og tenesteyting.
Sentrale oppgåver i planarbeidet er å legge rammer for eit overordna utviklingsgrep som bygger opp under målet:
Sogndal kommune v/ Plan og forvaltning har saman med Asplan Viak laga eit planprogram, som er lagt ut på høyring samstundes som det er varsla om oppstart av planarbeid. Dette vart blant anna kunngjort i Sogn Avis, og på vår heimeside.
Planprogrammet skal tydeleggjere premissar og rammer for planoppgåva, fastsette om forhold må konsekvensutgreiast, og kva plantema som skal vurderast nærmare i planforslaget. Det er også eit verktøy for å sikre medverknad og avklare problemstillingar på eit tidleg tidspunkt i planarbeidet.
I tillegg til planprogrammet er det laga ein plan for medverknad. Planen for medverknad skildrar korleis medverknad er planlagd organisert og gjennomført i samband med områdereguleringsplanen. Planen er dynamisk, og det vil kunne bli gjort endringar og tilpassingar undervegs i arbeidet.
Etter at planprogrammet blir vedteke, vil me gå i gang med utarbeiding av den juridiske områdereguleringsplan. Planprosessen skal innehalde fleire hovudaktivitetar. Stadanalyse for planområdet og sentrale utgreiingar skal utarbeidast tidleg i prosessen for å gje eit bilde over dagens situasjon, i forhold til eksisterande kvalitetar, utfordringar, behov og moglegheiter.
Utgreiingane skal ligge til grunn ved utarbeiding av 1-3 utbyggingsalternativ for området. Utbyggingsalternativa skal vidare brukast i medverknadsopplegget. Innspela frå medverkinga blir vurdert opp mot planprogrammet, arealdelen og samfunnsplanen. Ut frå dette blir det valt eit utbyggingsalternativ som forankrast politisk, og som det arbeidast videre med til endeleg vedtak.
Godt planlagde tettstadar gjev nødvendige rammer, men dei vert ikkje levande før dei vert fylt medaktivitet. Kommunen skapar aktivitet i eigen regi, der kulturfeltet er den viktigaste bidragsytaren. Resten vert skapt av frivillige lag og organisasjonar og av innbyggjarane. Denne satsinga skal bidra tilat Sogndal kommune vert ein god medspelar for dei som ynskjer å fylle lokalsamfunna sine med liv, røre og aktivitet.
Dei tre tidlegare kommunane hadde alle anlegg for idrett som er mykje brukt, og viktige forlokalsamfunna sine. Det har vore ulik praksis knytt til eigarskap og drift av desse anlegga, og det behov for ein gjennomgang for å gje grunnlag for å etablere ein ny praksis, som legg prinsippet om likebehandling til grunn.
Kommunen har lange tradisjonar for samhandling med idretten om anlegg, og det er viktig å ta vare på og bruke dei formelle strukturane som er etablert.
Mykje av Sogndal sin profil har dei siste åra vore knytt til friluftslivet – både sommar og vinter. Det er særskilt adressert i samfunnsplanen, som ein viktig føresetnad for samfunnsmålet livskvalitet, og i fleire av satsingsområda – spesielt skapt for aktiv livsstil.
Friluftslivet i Sogndal skal ikkje berre handle om toppturar og laussnøkøyring, men òg om kvardagsfriluftslivet som startar i sentrum eller der folk bur.
Miljø- og klimaarbeidet i ein kommune er omfattande, og må jobbast med på tvers av heileorganisasjonen. I Sogndal kommune har ansvar for å følgje opp føringane frå samfunnsplanen, og bidra til utsleppsreduksjon, bevare sårbar natur og tilpasse oss eit klima i endring.
I tillegg skal Sogndal kommune ta ei aktiv rolle med å påverke lokalsamfunnet til å gjere mest mogeleg miljømedvitne val, slik at heile samfunnet er med å bevegar oss i retning av Parisavtala sine mål.