Dei fem satsingane

Kulturfeltet er frå sommaren 2022 av organisert som eiga tenesteeining, med avdelingar for bibliotek, kulturhus, kulturskule, kulturminne og -miljø og kunst. Desse fem områda tener som innramming for kulturstrategien, og skal sette retning for korleis kommunen ynskjer å bidra til utvikling av felta framover.

Utforsk satsingane ↓

Utforsk dei ulike satsingane

Kulturhuset og ungdom

Kulturhuset er både det fysiske kulturhuset i Sogndal – som regionen si storstove – og kulturhuset iforståinga av alle hus som rommar kulturaktivitetar i Sogndal kommune. Frå 2021 vart drifta avk ulturhuset i Sogndal flytta frå eit kommunalt eigd aksjeselskap til å bli ein integrert del avtenesteeining for kultur, som eiga avdeling.

Frå hausten 2022 gjorde ein i tillegg ei endring i oppgåvedelinga mellom oppvekstsektoren og kultureininga, slik at arbeidet med å skape gode møteplassar for ungdom også er ein del av kulturhuset sitt arbeidsområde. For dette områder er det peikt ut seks viktige delstrategiar:

Tiltak 1
Eit mest mogeleg ope og tilgjengeleg kulturhus
Kulturhuset skal samle folk for å oppleve noko saman. Ein viktig føresetnad for å fylle den rolla er eit kulturhus som er ope, tilrettelagt og inviterande. Det gjeld den fysiske utforminga og måten ein fyller lokala på, men òg gjennom å fylle det med variert innhald, og gje spelerom for at innbyggjarane kan ta det i bruk på sine premissar gjennom eigenorganiserte aktivitetar, eller berre ved å vere der.

Sogndal Kulturhus skal alltid ha eit blikk på neste praksis, og vere på leit etter måtar å gjerekulturhusopplevinga endå betre på.
Tiltak 2
Kulturhuset i Sogndal som storstove og ressursbank
Som regionalt kulturhus har ein både utstyr, kompetanse og andre ressursar som legg grunnlag for at ein kan få til mykje. Storstove-rolla peikar mot ei ramme for dei store, regionale anledningane –og spelar ei viktig rolle i å bygge opp under urbaniteten som har gjeve regionsenteret vekst og ei rivande utvikling over mange år.

Samstundes er mange av desse ressursane i ein heilt anna skala enn kva mange mindre hus for kultur rundt om i kommunen kan halde seg med. Her spelar kulturhuset, med sine tilsette og sitt utstyr, ei viktig rolle for å bidra til at ein kan få endå meir kulturaktivitet også i resten av kommunen. Her ligg deg òg eit regionalt potensiale som avdelinga må jobbe systematisk med.
Tiltak 3
Gode arenaar for kultur i tettstadane
Sogndal kommune består av fleire tettstadar og bygdesamfunn. Alle desse skal, på sine eigne premiss, vere arenaar for kulturaktivitetar. Kulturhusadministrasjonen må difor engasjere seg i tettstadutforming, ha ein relasjon til andre kulturhuseigarar og utvikle ordningar som gjer at ein vert ein støttespelar og aktør også utanfor kulturhuset sine veggar.

Tyngda av slike aktivitetar må vere som støttespelar for andre, men også mobiliseringsrolla er viktig å sette i system. 
Tiltak 4
Eit inkluderande kulturtilbod 
Omgrepet kulturaktivitetar vil innehalde ei stor breidde av ulike opplevingar. For ein kommune er det viktig å ha med seg det sosiale perspektivet, og heile tida jobbe med å nå dei gruppene som av ulike grunnar møter hindringar for å delta.

Kulturhuset skal ta ei aktiv rolle i å finne og få på plass ordningar som gjev flest mogeleg høve til å delta, helst saman med andre relevante aktørar. I tillegg skal ein søke å ha eit tilbod som treff breitt, og ha eit særleg fokus på sårbare grupper og minoritetar i samfunnet. 
Tiltak 5
Ein god stad å vere for ungdomen 
I samfunnsplanen er best på oppvekst eit av satsingsområda. Fleire undersøkingar og kartleggingar syner behovet for at ungdommen har ein eigen stad å vere, og at dei – i samspel med vaksne og med føreseielege rammer – får fridom og ansvar til å forme den sjølv.

Kulturhusadministrasjonen skal syte for å ha på plass ressursar og rammer som fyller denne ambisjonen, og etablere eit samspel med dei organisasjonane som ungdommen har eigarskap til for å ha eit tilbod som vert brukt, og som treff dei utfordringane som til ei kvar tid vert identifisert. 
Tiltak 6
Kulturprogram i eliteserien 
Kulturhuset har sidan starten vore opptekne av å gje innbyggjarane i Sogndal og Sogn gode kulturopplevingar. For eit regionalt kulturhus er det viktig å ha eit program som blir lagt merke til, og som tilfører noko meir til den samla kulturmenyen i regionen.

Programmet må vere variert, bygge opp under posisjonen til Sogndal som utviklingslokomotiv i Sogn, og det må nå ut til heile regionen.

Biblioteka

Rolla til biblioteka har vore, og er framleis, i sterk endring. I dag er biblioteka både møtestad, arena for debatt, arrangør og kunnskapsformidlar – i tillegg til den tradisjonelle rolla som kjelde til kunnskap og opplevingar gjennom utlån av bøker. I Sogndal kommune vil biblioteka spele ei viktig rolle i møtet mellom kulturfeltet og innbyggjarane, og vere tydeleg til stades i alle lokalsentera. 

Tiltak 1
Mest mogeleg tilgjengeleg og ope bibliotek 
Dei biblioteka som vert mest brukt ligg alltid der folk ferdast. Slik må det også vere i Sogndal kommune, biblioteka skal vere eit bindeledd mellom kommunen og innbyggjarane. I Sogndal får biblioteka ei endå tydelegare rolle i vere dette møtepunktet gjennom også å ha ansvar for det som før vart kalla innbyggjartorg. I tillegg vil dei bli lokaliserte tett på frivilligsentralane, og på den måten vere eit viktig bidrag i å gje innbyggjarane endå betre tenester der dei bur. Dette samspelet vil også gje rom for meir fleksible opningstider, og nye kontaktflater med frivillige lag og organisasjonar. 
Tiltak 2
Biblioteket som ein aktiv møtestad 
Biblioteket skal vere ein arena for møte mellom menneske og litteratur. Biblioteka skal søke å skape gode arenaar for slike møte som treff ulike grupper, fangar opp ulike tema og som er med å set fokus på viktige problemstillingar i samfunnet. Gjennom denne rolla skal ein også sette særleg fokus på utsette og sårbare grupper i samfunnet, og dei som ein ikkje når lettast. Det ligg eit stort potensiale i å samarbeide med andre, både internt og eksternt. 
Tiltak 3
Ein arena for samfunnsdebatt og diskusjon 
Eit levande samfunn som utviklar seg har behov for eit rikt offentleg ordskifte. Biblioteka skal ha eit program som fangar opp og set dagsorden for å styrke det offentlege ordskiftet i kommunen, og bidra til at Sogndal er ein kommune med ein aktiv samfunnsdebatt der mange og ulike røyster slepp til. Slik bidreg biblioteka til eit samfunn som er seg sjølv bevisst, og som er med å sikrar at utviklinga blir så god som mogeleg. 
Tiltak 4
Meirope bibliotek 
Biblioteka sikrar gjennom boksamlinga si ein viktig tilgang til kunnskap, innsikt og inspirasjon for innbyggjarane – uansett sosial klasse og tilknyting. Denne delen av samfunnsoppdraget skal vere så tilgjengeleg som mogeleg. Fleire bibliotek testar ut å gjere biblioteket tilgjengeleg også utanfor bemanna opningstid. Biblioteka i Sogndal skal utforske løysingar for å prøve dette ut også i Sogndal, med mål om å avklare om det kan gjerast til ei permanent ordning. 

Kulturskulen

Sogn kulturskule er ein interkommunal kulturskule for kommunane Sogndal og Luster. Den skal ha eit rikt tilbod for elevar i skulealder knytt til musikk, dans, bilde og teater. KS har på vegne av kommunane jobba med å finne ut korleis framtidas kulturskule kan sjå ut, og Sogndal har som ambisjon om å ha ein framtidsretta kulturskule som famnar vidt i tråd med KS sine funn om beste praksis. Sogn kulturskule er vert for ei distriktsmusikargruppe med fem profesjonelle musikarar. Musikarane underviser i kulturskulen, dirigerer kor, korps og orkester og er utøvarar i lokale, regionale og nasjonale prosjekt. 

Tiltak 1
Ein lyttande kulturskule 
Samskapande er den første av verdiane til Sogndal kommune. Kulturskulen skal vidareutvikle seg saman med innbyggjarane, og vere ein lyttande kulturskule som har sett arbeidet med å kjenne innbyggjarane sin ynskje til kulturskulen i system. Ved å lytte til innbyggjarane, lag- og organisasjonslivet og det som kjem av føringar og inspirasjon frå andre skal ein skape framtidas kulturskule i lag. 
Tiltak 2
For å ha det moro og for å bli flink 
Innbyggjarane i Sogndal har ulik inngang til å gå på kulturskule. Nokon ynskjer å ha det moro og utvikle seg kreativt, utan å ha ambisjonar om å gjere det til noko meir. Andre vil bruke kulturskulen til å lære seg ferdigheiter som ein vil nytte profesjonelt, og bli så god som mogeleg. Sogn Kulturskule må kunne møte begge desse inngangane, og ha tilbod som treff uavhengig av motivasjon og inngang. 
Tiltak 3
Kulturskulen saman med andre 
Kulturskulen er i dag ein viktig første arena for å skape kulturelt innhald, og formidle det til eit publikum. Denne lågterskel og viktige arenaen har potensiale i seg til å utgjere ein endå større og viktigare del av korleis lokalsamfunna skal ha eit breitt kulturelt innhald. Kulturskulen skal strekke seg etter å bli ein viktig del av mange ulike innbyggjargrupper sin kvardag – frå barnehage til sjukeheim, og alt i mellom. Det fordrar gode samarbeid internt, og med omverda. 
Tiltak 4
Ein kulturskule for alle 
Ein moderne kulturskule er ikkje avgrensa til born og unge. Den rommar eit utvida kulturomgrep, og strekk seg mot alle innbyggjarar som ynskjer å lære seg noko nytt. Ein kulturskule for alle skal òg treffe vaksne, sårbare grupper og menneske i ulike livsfasar. Denne forståinga av kulturskuleoppdraget vil gje rom for å fylle endå meir av lokalsamfunnet med kulturopplevingar, og bidra til at Sogndal og Sogn får eit rikare kulturliv. 

Kulturminne og kulturmiljø

Arbeidet med kulturminne og kulturmiljø er delvis festa i plan- og bygningslova, og gjev kommunen eit forvaltningsansvar. I Sogndal kommune er kulturminna i tillegg viktige identitetsmarkørar, som gjev stadane eigenart og karakter. Det fordrar at ein tek også den rolla på alvor, og set arbeidet med å gjere kulturminna til levande og integrerte delar av stadane og historia i system. 

Tiltak 1
Kulturminna som ressurs for samfunnsutvikling 
Alt spor av levd liv fortel ei historie om det som har vore. Mange av kulturminna ligg i og tett på tettstadane, og vil i mange tilfelle kunne hamne i konflikt med det nye. Sogndal ynskjer å ta kulturminna og -miljø inn i stadutviklingsarbeidet, og gjere dei til ein integrert del av opplevinga av den staden dei er på. Slik vil identiteten som desse representerer vere med på å forme det som er nytt, og skape samspel der det elles kunne ha vore konflikt. 
Tiltak 2
Kompetent kulturminnearbeid 
Kulturminnearbeid krev kunnskap, innsikt og kompetanse – både i forvaltninga av dei, og for å kunne ta dei i bruk. Sogndal kommune skal jobbe saman med kulturminnefaglege instansar for å få ei heilskapleg og kompetent tilnærming til arbeidet. Gjennom gode samarbeid vil ein kunne skape mogelegheiter som gjer dei andre satsingane mogeleg, og skape føresetnadar for at arbeidet vert vellukka. 
Tiltak 3
Ta kulturminna fram i lyset 
Kulturminna vil i mange høve fortelje ei historie i kraft av å vere der. Sogndal kommune skal i tillegg syte for at dei vert løfta fram gjennom god informasjon og tilrettelegging, slik at dei syner att i tettstadane, og vert brukt på ein måte som tek vare på dei gjennom bruk. Det skal særleg leggast vekt på koplinga mellom kulturminne og rekreasjonsområde. 
Tiltak 3
Kulturminne og -miljø som historieforteljarar 
Historia om korleis ein stad er blitt til vert best fortalt gjennom å oppleve det på nært hald. Kulturminna i Sogndal kommune må løftast fram på ein systematisk måte, slik at ein kan fortelje historia om dei og sette dei i kontekst på ein måte som skapar engasjement og forståing. Slik vert dei også ein ressurs, både for lokalsamfunnet – frå born til eldre – og for dei som er på besøk. 

Kunst

Sogndal kommune rommar ei rik kunsthistorie som strekk seg langt bak i tid, og som er vitalt i live i dag. Balestrand har ein spesiell status, som ein av få norske kunstnarkoloniar som framleis er heim for eit aktivt kunstmiljø i dag. Kunstlaga i heile kommunen, og utviklingsselskapet Kunstbygda Balestrand AS er viktige medspelarar for å sette Sogndal endå tydelegare på kunstkartet – nasjonalt og internasjonalt. 

Tiltak 1
Kunst som identitetsmarkør 
Kunst har som eigenskap at den skapar reaksjonar, og er med å skapar særpreg der den kan finnast. I arbeidet vidare må kunsten si rolle som identitetsmarkør i lokalsamfunna identifiserast, og settast i system. Utgangspunktet i dag er ulikt frå stad til stad, og det første som må plass er god kunnskap og innsikt i kva som er stoda i dag, og kva som er den enkelte stad sitt potensiale for å ta i bruk ulike former for kunst som lokale identitetsmarkørar. 
Tiltak 2
Kunst i offentlege rom 
Kunst i offentleg rom i Sogndal kommune har ikkje vore jobba systematisk med tidlegare i nokon av dei tre gamle kommunane. Kunst har likevel vore ein del av utsmykkinga av enkeltområde, og er på den måten til stades i dag. Sogndal kommune ynskjer å etablere retningslinjer for kunst i offentlege rom, og bruke desse til å jobbe systematisk med å gjere kunst til ein integrert del av stadutviklinga. 
Tiltak 3
Samspel med andre 
Det er ingen dedikerte ressursar til kunstfeltet i Sogndal kommune per i dag. Det gjer det ekstra viktig å finne gode måtar å samskape med andre på, slik at arbeidet får eit løft. Kommunen har mange ressursar som kan bidra inn i eit slik samspel, og vil trenge å kople seg på kompetente miljø rundt oss. 
Tiltak 3
Aktive kunstnarar i Sogndal 
Sogndal kommune har eit levande miljø av aktive kunstnarar. Sogndal kommune er også eigar i Kunstbygda Balestrand AS, som vart skipa med føremål å bidra til ei framtidsretta utvikling og tilrettelegging for dei aktive kunstnarane. Det er eit mål å bygge vidare på dei miljøa som finst, og utforske dei mogelegheitene som finst for å ta i bruk bygg, løyse ut ulike ordningar og prosjekt og etablere eit arbeid som bidreg til at det vert endå fleire aktive kunstnarar i Sogndal kommune. 
Samarbeid

Tufta på samspel

Kulturfeltet er meir enn dei fleste tufta på samspel. Kommunen har ansvar for å gje nokre tenester direkte, men i endå større grad skal kommunen spele på lag med andre for å sørge for at kulturlivet i kommunen blomstrar. På same tid er kommunen berre ein av fleire offentlege aktørar innanfor kulturfeltet: Fylkeskommunen, kulturdepartementet og ei rekkje andre institusjonar har eigne satsingar og strategiar for ulike former for kultur. Då vert det viktig for kommunen, som det forvaltningsnivået som er nærast innbyggjarane, å vere ein god medspelar også for desse aktørane – slik at summen vert så god som råd.

Sogndal er vertskommune for fleire profesjonelle kulturaktørar og –institusjonar. Sjølv om Sogndal har fleire profesjonelle kulturaktørar, så vert brorparten av kulturlivet i kommunen skapt av frivillige. For at heilskapen skal bli god, må alle aktørgrupper bli tekne på alvor – og oppleve seg som like viktige. Sogndal kommune ynskjer å dyrke rolla som den som mogeleggjer kulturopplevingar, enten saman med profesjonelle eller frivillige aktørar. Kommunen sit på ei rekke verktøy for å oppnå dette – frå rolla som byggeigar, til å ha eigne ressursar med ulik kompetanse internt. Det er viktig å bruke desse verktøya til det beste for eit samla kulturliv.

Sogndal er vertskommune for fleire profesjonelle kulturaktørar og –institusjonar. Sjølv om Sogndal har fleire profesjonelle kulturaktørar, så vert brorparten av kulturlivet i kommunen skapt av frivillige. For at heilskapen skal bli god, må alle aktørgrupper bli tekne på alvor – og oppleve seg som like viktige. Sogndal kommune ynskjer å dyrke rolla som den som mogeleggjer kulturopplevingar, enten saman med profesjonelle eller frivillige aktørar. Kommunen sit på ei rekke verktøy for å oppnå dette – frå rolla som byggeigar, til å ha eigne ressursar med ulik kompetanse internt. Det er viktig å bruke desse verktøya til det beste for eit samla kulturliv.

I samfunnsplanen er eit av satsingsområda å vere eit utviklingslokomotiv i Sogn. Kulturhuset er i dag eit regionalt kulturhus, og kulturskulen er saman med Luster. Kulturfeltet har naturlege område for samarbeid med dei rundt oss innanfor alle felta som strategien dekker. Arbeidet med å bli flinkare på løfte i lag blir viktig å adressere framover. Det er ei tydeleg politisk forventing om meir samarbeid, og at Sogndal går føre. Det vil også potensielt kunne løyse ut store meirverdiar innanfor mange felt, som kunst, arrangement og festivalar – for å nemne noko. I tillegg eig kommunen sjølv ei rekkje arenaar for kultur, både innanfor oppvekst og omsorg. Her krevst det òg strukturert samarbeid for å løyse ut endå meir av det store potensialet som ligg i å lukkast i lag.

Kultur i tettstadane 

Føringane for dei fem satsingane skapar ei heilskapleg ramme for kulturfeltet i heile kommunen. I tillegg har Sogndal fem tettstadar som har sine ulike kvalitetar og særpreg. Kulturstrategien må vere relevant for kvar enkelt av desse. Dette siste kapittelet skal sette eit ambisjonsnivå for korleis Sogndal kommune og den enkelte tettstaden skal fylle kulturfeltet i kvar enkelt tettstad sin kontekst. 

Fjærland

Grenda Fjærland er heimen til den norske bokbyen. Her finn ein eit unikt miljø bygd rundt ei boksamling som fyller staden med innhald, liv og røre. Sogndal kommune skal vere ein aktiv medspelar, på tvers av kulturavdelingane, for å forsterke denne posisjonen. Frivilligheita står sterkt i Fjærland, og dei frivillige kreftene er dei som først og fremst fyller lokalsamfunnet med kulturaktivitetar. Bygdahuset i Fjærland er storstova til lokalsamfunnet, og ein hovudarena for mykje av dei som skjer av kultur. I tillegg er skulen ein naturleg arena for å skape kultur lokalt. 

Kaupanger

Spora etter busetnad og verksemd på Kaupanger er av nasjonal verdi, noko som er stadfesta i vernet av landskapsområdet Amla. Her finn ein kommunen si einaste stavkyrkje, som òg er den største i Sogn og Fjordane. Tett på kyrkja ligg Kaupanger Hovudgård, og kulturminne og historia pregar heile strekninga frå Amla, via dei Heibergske samlingane til Eidet. Det ligg eit stort potensiale i løfte denne historia endå tydelegare fram, og i samspelet med dei aktørane som forvaltar ulike delar denne kulturarven. I tillegg er Kaupanger eit lokalsamfunn i vekst, og kommunen er til stades på fleire måtar – frå skule og barnehage til ViteMeir. Det betyr at arbeidet med å skape aktivitet også har stort potensiale på Kaupanger. 

Leikanger

Saften er storstova til Leikangersamfunnet, og i løpet av 2023 skal den også romme kommunen sine behov på Leikanger. Ved å utvikle Saften til eit kultur- og aktivitetshus for lokalsamfunnet, vil ein i endå større grad enn i dag få rammer til å skape innhald i ein levande tettstad – både med kommunen sine aktivitetar og ved å gje rammer for andre. I tillegg ligg det viktige kulturminne og kulturmiljø i tettstaden som gjev eit godt utgangspunkt for meir tilrettelegging og bruk. Nybøstrondi skal vere pilot for å finne ei god form for tilrettelegging. 

Sogndal

I Sogndal er det satsinga på kulturhuset som vert den viktigaste enkeltsatsinga i åra som kjem. Kulturhuset må arbeide vidare med å sjå korleis ein kan skape endå betre rammer for kulturaktivitetar i Sogndal, der også ungdomen får sin stad. Fjøra har også viktige kulturmiljø som må løftast fram. Kunstperspektivet må også vere med i arbeidet som skal gjerast dei neste åra med å planlegge det framtidige Sogndalssamfunnet. 

Balestrand

Balestrand er kunstbygda med stor K, og har i dag kunstnarhistoria som ein viktig identitetsmarkør for staden. Det skal vere eit utgangspunkt for det vidare arbeidet, der kommunen og kunstmiljøet i lag utviklar feltet vidare. I tillegg må kommunen samle dei publikumsretta tenestene sine i sentrum, og vere med å løyse eit endå sterkare samarbeid med lokale aktørar som og vil vere med å fylle lokala med aktivitet. 

Bakgrunn

Vegen til kulturstrategien

Sogndal kommune har sidan samanslåinga jobba med å få på plass eit sett med styringsdokument som gjev kommunen retning og innhald som er i samsvar med det innbyggjarane ynskjer. Viktigast blant desse er samfunnsplanen, som vart vedteken juni 2021, og publisert på utfordrarbygda.no. Frå og med 2022 starta jobben med å følgje opp samfunnsplanen sine føringar for dei ulike områda som kommunen har ansvar for. Nokre av desse områda treng tematiske strategiar, som går meir konkret til verks på retningsval og prinsipp for korleis kommunen skal løyse samfunnsoppdraget innanfor kvart felt. Kulturstrategien er eit slik dokument, og skal skape rammene for arbeidet med kultur i åra som kjem.

Arbeidet med strategien vart starta opp etter bestilling frå utval for samfunnsutvikling i februar 2022. Kommunedirektøren arbeidde fram ein plan for å utarbeide strategien, som fekk politisk tilslutnad i juni same år. Kulturomgrepet er i dette dokumentet avgrensa til å omhandle dei områda som kommunen har særleg ansvar for knytt til den tradisjonelle forståinga av kulturarbeid: Bibliotek, kulturhus, kulturskule, kulturminne og -miljø og kunst. I arbeidet med strategien har det vore to temamøte, der gode førebilete frå andre stadar i landet har fortalt om sitt arbeid. Desse har vore opne for ålmenta, og gjort digitalt tilgjengeleg på utfordrarbygda.no. I tillegg har det vore gjennomført fem arbeidsverkstadar, ein i kvar av tettstadane, for å få innspel frå innbyggjarane. Innspelsmøta har vore felles for kulturstrategiarbeidet og arbeidet med strategi for samfunnsutvikling og frivilligheit. Møta er oppsummerte i eit eige dokument, og ligg tilgjengeleg på utfordrarbygda.no.

Utval for samfunnsutvikling har vore styringsgruppe for arbeidet, medan kulturrådet har vore prosjektgruppe og bidrege til å forme innhaldet saman med kommunedirektøren.

Om dokumentet

Kvifor ha ein strategi?

Ein strategi er i denne samanhengen definert som ei innramming av kva overordna føringar og prinsipp som skal ligge til grunn for Sogndal kommune sitt arbeid med samfunnsutvikling og frivilligheit. Det skal sette retning, og gje grunnlag for at Sogndal kommune – og alle andre som ynskjer å bidra i samspel med dei – kan finne retning og forstå kva roller dei ulike aktørane har. Det skal vere kort, poengtert og konsist, og eigna til å bli brukt som eit arbeidsverktøy gjennom året.

Kommunedirektøren vil utarbeide årvisse handlingsplanar for å følgje opp strategien, og sette handling bak det som står der. Denne handlingsplanen vil saman med strategien tene som grunnlag for styringsdialogen mellom politisk- og administrativt nivå gjennom året, og adressere råda og andre eksterne aktørar der det er behov for det.

Overordna

Kva tek me med oss frå samfunnsplanen?

Sogndal kommune har skaparkraft, livskvalitet og miljømedvit som overordna samfunnsmål. Alt me gjer skal bidra til å nå desse måla. I tillegg skal ein leve etter verdiane samskapande, open, god og nysgjerrig (SOGN).

For kulturfeltet betyr det å ha samskaping med andre som prinsipp for alt me gjer. Det betyr å vere open for nye måtar å jobbe og tenke på – å alltid søke neste praksis. Det betyr å vere god på å levere på samfunnsoppdraget, og å vere gode med dei me skal løyse det ilag med. Og det betyr å vere nysgjerrig på me kan lære av andre, kva innbyggjarane og lokale lag og organisasjonar har behov for, slik at innbyggjarane og brukarane av tenestene alltid står i sentrum for alt me gjer. Sogndal kommune skal søke å bli opplevd som ein tydeleg, profesjonell og god samarbeidspart for dei rundt oss.

Samfunnsplan

Norges best samskapte plan?

Det finst mange måtar å lage planar på. I Sogndal har me tru på at dei beste tankane og ideane kjem fram om mange får vere med og seie meininga si. Derfor har me forsøkt å sette norgesrekord i medverknad når planen skulle lagast. Folkerøysta teikna eit bilete av kven me er og kva som kjenneteiknar oss, og dette biletet gjev oss posisjonen utfordrarbygda.

Sjå plan →
Illustrasjon av utfordrarbygda