Høyring og offentleg ettersyn 23.06.23-15.09.23

Arealplan for Sogndal kommune
2023-2033

Om dokumentet

Arealplanen seier kva som kan byggjast kvar i heile kommunen.
Dei viktigaste måla er å følgje opp satsingane i samfunnsplanen og å gje ein felles og oppdatert arealpolitikk for heile kommunen.

Kvifor skal eg bry meg no?

Planarbeidet starta med ein månad med offentleg medverknad, og den politiske leiinga i kommunen har delteke gjennom heile prosessen og har bestemt innhaldet i planen. No viser me fram resultatet og ber om tilbakemeldingar før planen vert vedteken. Føremålet med offentleg ettersyn er særleg å fange opp om noko i planen er feil, eller om noko har store konsekvensar som kommunen ikkje har vore klar over då planen vart laga.

Kva er lagt ut til offentlig ettersyn?

Plankartet har fargekodar for arealføremål, og viser kva som er tillate kvar. I tillegg viser skraveringar i kartet omsynssoner for farar, naturverdiar, kulturminne osb. Plankartet er juridisk bindande, og legg dermed føringar for korleis dei ulike områda i kommunen kan nyttast.

Føresegnene inneheld generelle føringar som gjeld for heile planen og særskilte føresegner knytt til kvart føremål. Føresegnene er juridisk bindande, og utfyller arealbruken som er fastlagt i plankartet. Retningslinjene er ikkje juridisk bindande, men er rettleiande for planar og tiltak.

Planomtalen forklarar og gir oversikt over arealplanen sitt føremål og hovudinnhald. I planomtalen kan du også lese om planprosessen, medverknadsopplegg, utfordringsbiletet, strategiar og verknader av planen.

KU- og ROS-rapportene står for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse. Rapportene vurderer konsekvensane av kvart enkelt nye byggjeområde som kan ha betydelege verknader for miljø og samfunn.

Interessert i strategi og bakgrunnsdokument?

Tidleg i prosessen vart det utarbeidd ein bustadanalyse, ein arealstrategi og ein temaplan for naturmangfald. Dei er også til offentleg ettersyn no.

Hjelp, eg vil forstå planen!

Er du oppteken av eit spesielt område, til dømes nærområdet ditt eller eigedomen din?

Zoom deg inn i kartet med + og – teikna nede til høgre, eller

Søk etter adresse, stad eller eigedom oppe til høgre

I menyen til høgre kan du trykke på «arealformål». Då ser du kva dette området er sett av til, og om det ligg omsynssoner over området.

→ Du kan også leite etter området i pfd-filene av plankartet, lese av fargen på kartet og tolke den i teiknforklaringa. Men OBS: Du får ikkje opp informasjon om du trykker i kartet, og omsynssonene er ikkje teikna inn. Kva med å prøve Kommunekart?

→ Når du har funne føremålet i kartet kan du lese i føresegnene kva som gjeld spesielt for dette føremålet. Sjå på innhaldslista i kapittel 2 i føresegnene og finn føremålet du vil lese om.

→ Lurer du på kvifor føremåla i plankartet er teikna slik dei er? Les konsekvensutgreiinga (KU og ROS-rapporten). Vel rapporten for den delen av kommunen du vil lese om, og finn rett areal i innhaldslista.

Er du oppteken av eit særskilt tema, t.d. natur, bustad, kulturminne eller tettstadutvikling?

→ Les planomtalen. Kapittel 3 gir innføring i innhaldet i planen og kapittel 4 omtalar konsekvensar for ulike tema.

→ Finn føresegnene for temaet du er oppteken av. I kapittel 1 står føresegner som gjeld for alle areal i heile kommunen, uansett farge på plankartet. Føresegnene i kapittel 2 og 3 viser til område eller skraveringar i plankartet, og her kan temaet også vere nemnt.

Tips: Når du har opna dokumentet, trykk på forstørringsglaset øvst til høgre, og søk på temaet. Bruk piltastane til å hoppe nedover i dokumenta.

Er du oppteken av kvifor planen vart som den vart, og korleis prosessen har vore?

→ Det første kapittelet i planomtalen fortel om plandokumenta og prosessen til no.

→ Det andre kapittelet i planomtalen forklarar rammene for planarbeidet – kva som må til for å følgje opp samfunnsplanen, kva regjeringa forventar av planarbeidet vårt, og kva kunnskap og strategiar som ligg til grunn for arealplanen.

Kvar finn eg ut kva som vart vedteke?

→ Vedtaka frå kommunestyret ligg under kvart område i KU og ROS-rapporten. Her ligg også kommunedirektøren si vurdering av kvart område, med tilråding til kommunestyret.

→ Før arealplanen vart lagt ut på offentleg ettersyn vart han handsama tre gonger - først i plan og forvaltingsutvalet 7. juni, deretter i formannskapet 8. juni og tilslutt kommunestyret 15. juni. Dei som er interesserte i avstemmingane og detaljane i vedtaka som vart gjort kan lese protokollane frå møta. Dei finn du hvis du trykker her.  Gå til sak PS 38/2023. På nederste linja finn du saksprotokollane.

Gje merknad her

Fram til 15.09.23 kan alle innbyggjarar og høyringsinstansar gje merknad til arealplanen. Trykk på knappen under for å gje merknad, så kjem du rett inn i høyringsskjemaet. Der må du først logge deg inn med bank-ID, før du kan skrive det du meiner om planen. Alle merknader vert registrert i sakssystemet til kommunen og vurderte når høyringsperioden er slutt.

Høyringsskjema

Folkemøte om arealplanen

I høyringsperioden inviterer kommunen til folkemøte om arealplanen i Sogndal. Du kan møte opp fysisk, følgje strøyminga av møtet direkte eller sjå opptak etterpå. I møtet orienterer kommunen om planen, før det vert ei god økt med innspel og spørsmål frå salen. Dei som følgjer strøyminga av møtet kan sende inn spørsmål og merknader via Slido.

Tid: 8. august kl. 19-21
Stad: Quality hotel Sogndal

Sjå programmet for folkemøte her


Gå inn på slido.com og bruk koden #arealplan for å gje din merknad.

Kva skjer vidare?

Når høyringsperioden er over vurderer administrasjonen innspela som er komne inn, og legg dei fram for politisk leiing. Dersom ein høyringsinstans meiner at arealplanen ikkje følgjer opp dei nasjonale forventingane godt nok, kan dei varsle om motsegn til planforslaget. Då går kommunen i dialog med høyringsinstansen for å prøve å finne ei løysing på motsegnsvarselet, og tek stilling til om planen skal endrast.