Skapt for aktiv livsstil

Særleg viktige målgrupper

Barn og ungdom 

Grunnlaget for ein aktiv livsstil gjennom heile livsløpet blir lagt i oppveksten

Eldre

Fysisk aktivitet reduserer helseutfordringar som følgjer med alderdom

Utsette grupper

Innvandrarar, økonomisk vanskelegstilte og personar med nedsett funksjonsevne er mindre fysisk aktive enn andre

Aktive unge vaksne

Aktive unge vaksne er viktige tilflyttarar som aukar attraktiviteten vår ovanfor andre tilflyttarar
Resultat 2.1

Lokalsamfunn som innbyr til aktiv livsstil

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Gje informasjon om turløyper og aktivitetstilbod i heile kommunen på digitale flater
b.
Gje god turinformasjon i sentrum av tettstadene
c.
Vere pådrivar for å etablere gang- og sykkelvegar ved private og offentlege utbyggingsprosjekt i heile kommunen
d.
Sørge for at innbyggjarane kan ferdast på gang- og sykkelvegar heile året
e.
Utvikle infrastruktur som gjer det enkelt å velje sykkel som framkomstmiddel
f.
Sikre eksisterande og etablere nye snarvegar i alle bygdene, for gåande og syklande
g.
Sikre aktivitetsperspektivet ved utvikling av offentlege rom i bu- og sentrumsområde i heile kommunen
h.
Utvikle tettstadene til aldersvennlege lokalsamfunn, i samsvar med Leve heile livet-reforma
Resultat 2.2

Ein kommune som mobiliserer til fysisk aktivitet

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Bruke fysisk aktiv læring i barnehage og grunnskule
b.
Tilby og vere pådrivar for lågterskel aktivitetstilbod til eldre i heile kommunen
c.
Bruke fysisk aktivitet i behandling og førebygging av livsstilssjukdommar i helsevesenet
d.
Utvikle frisklivsarbeid som eit tilbod til personar med fysiske eller psykiske helseplagar i heile kommunen
e.
Kartlegge den fysiske aktiviteten til innbyggjarane slik at me veit behova deira
f.
Måle effektar av tiltak slik at me heile tida forbetrar korleis me inviterer til fysisk aktivitet
g.
Alltid ta omsyn til den langsiktige samfunnsnytta av auka fysisk aktivitet når me vurderer nye tilretteleggingstiltak
h.
Ta i bruk tilskotsordningar som stimulerer frivillige lag og organisasjonar til å oppretthalde og vidareutvikle aktivitetstilboda sine
i.
Bruke helsepersonell og brukarar som rådgivarar i byggjeprosjekt slik at dei vert brukarvenlege for alle
Resultat 2.3

Fjerne alle barrierar for fysisk aktivitet for utsette grupper

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Prioritere universell utforming av eksisterande gangvegar og snarvegar der det er mogleg
b.
Sørge for best mogleg framkomst for alle brukargrupper ved vintervedlikehald av gangvegar
c.
Etablere samarbeid med lag og organisasjonar om deltaking og utstyr for barn og ungdom frå økonomisk vanskelegstilte familiar
d.
Vere pådrivar for å få større mangfald inn i styra til frivillige lag og organisasjonar
e.
Vere pådrivar og støttespelar for at lag og organisasjonar inkluderer fleire innvandrarbarn og -ungdom i organisert fysisk aktivitet
f.
Utvikle trenings- og rekreasjonsområde som legg til rette for gratis, uorganisert fysisk aktivitet
g.
Vere pådrivar og støttespelar for at lag og organisasjonar utviklar til betre tilbod om paraidrett
h.
Informereom universell tilrettelegging i trenings- og rekreasjonsområde
Resultat 2.4

Stor breidde i organiserte og eigenorganiserte fysiske aktivitetstilbod

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Tilby føreseielege stønadsordningar til lag og organisasjonar
b.
Prioritere kommunale midlar til aktivitetstilbod retta mot barn og ungdom som ikkje deltek i organisert trening eller fysisk aktivitet
c.
Samarbeide med frivillig sektor om aktivitetstilbod til eldre
d.
Samarbeide med lag og organisasjonar om opne aktivitetstilbod til barn og ungdom
e.
Samarbeide med lag og organisasjonar om å finne løysingar som held ungdom fysisk aktive gjennom heile oppveksten
f.
Vere ein støttespelar for spreke eldre og andre eldsjeler som ønskjer å vere ein ressurs i lokalsamfunna
g.
Vere pådrivar for at lag og organisasjonar samarbeider om å gi barn, ungdom og eldre eit meir mangfaldig aktivitetstilbod
h.
Syte for transport- og kollektivløysingar som gjer det enklare for barn, ungdom og eldre å nytte seg av dagtilbod og fritidstilbod
Resultat 2.5

Best i landet på kvalitet og tilgjenge til rekreasjonsområde og anlegg for fysisk aktivitet

Kva må gjerast for å oppnå det me ønskjer?

a.
Alle kommunale investeringar i anlegg skal basere seg på samarbeid med andre for å finansiere etablering og drift av anlegga
b.
Etablere fleire anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet
c.
Vere bidragsytar og tilretteleggjar for utvikling av spesialanlegg med høg nasjonal kvalitet
d.
Vere bidragsytar til vedlikehald av eksisterande anlegg for fysisk aktivitet i kommunen
e.
Alle turløyper i kommunen skal skiltast og merkast etter nasjonal merkestandard
f.
Vere pådrivar for at lag og organisasjonar etablerer lågterskel turløypenett i alle bygdene i kommunen i samspel med grunneigarar og andre med interesser i utmarka
g.
Legge til rette for at lag og organisasjonar samarbeider med kvarandre om modellar for utvikling og drift av anlegg
h.
Gi alle frivillige lag og organisasjonar gratis tilgang til Tilskuddsportalen
i.
Etablere praksis med forskotering av spelemidlar til anleggsutvikling
j.
Etablere gode samarbeid med grunneigarar om tilkomst og parkering som gjer utfartsområde tilgjengelege for ålmenta
k.
Utvikle tilrettelagde nærturområde ved tettstadene i samspel med grunneigarar og andre med interesser i utmarka

Sjå nærare på dei andre satsingsområda