Sogndal kommune har samskaping som prinsipp for alt me gjer. Me ønskjer oss at alle gode krefter brukar planen til å vere med å skape samfunnet me ønskjer oss.

Planhierarkiet

Samfunnsplanen ligg øvst i planhierarkiet og gjeld alt kommunen gjer. I tillegg spelar den opp til innbyggjarane og alle andre aktørar i kommunen. Planen har eit ti-årsperspektiv og vert rullert kvart fjerde år. Samfunnsplanen skal etter lova ha ein handlingsdel, og i Sogndal kommune vil økonomiplanen utgjere handlingsdelen.
Arealdelen av kommuneplanen, med påfølgjande områdeplanar og detaljreguleringsplanar, set rammene for framtidig arealbruk i kommunen. Arealdelen har som hovudregel eit ti-årsperspektiv, og vert rullert kvart fjerde år.
Strategiar er politisk forankra styringsdokument. Døme er planstrategi, digitaliseringsstrategi, oppfølgingsplan for heilskapleg ROS-analyse og strategi for bustad, arbeid, klima og transport (BAKT). Strategiane gjeld som hovudregel for fire år eller meir. Planstrategien skal utarbeidast første år i kommunestyreperioden og gjeld som hovudregel ut perioden.
Økonomiplanen er ein langsiktig plan for kommunen sine økonomiske prioriteringar. Økonomiplanen gjeld for fire år og vert rullert kvart år saman med utarbeiding av årsbudsjetta.
Verksemdsplanar er administrative styringsdokument for kvart kommunalsjefområde og gjeld for eit år. Verksemdsplanane følgjer opp satsingsområda i samfunnsplanen og sikrar at kommunen følger opp gjeldande norsk lovverk innanfor alle fagområde.

Prinsipp for arealdelen av kommuneplanen

Prinsippa skal ligge til grunn for utarbeiding av arealdelen, og for områdeplanar og detaljreguleringar som følgjer etter.
1.
Styre samfunnsutviklinga gjennom oppdaterte og framtidsretta arealplanar. Late arealdelen gjelde framfor gamle og utdaterte detaljplanar, og oppheve slike planar i samband med nye planprosessar
2.
Som hovudregel disponere arealbruk i tettstadene gjennom heilskaplege områdeplanar
3.
Legge til rette for vekst og fortetting med kvalitet i tettstadene og vedlikehaldsvekst i grendene
4.
Byggje innanfrå og ut for å oppnå 5-minuttssamfunnet. Byggje arealeffektivt og sette grenser for minimum og maksimum storleik for bustader. Opne for forsiktig fortetting i eksisterande småhusområde som skal bevarast
5.
Legge opp til blanda bumiljø med variasjon i bustadtypar. Fremje kvalitet for bustader og bumiljø, også for hyblar i tettstadene
6.
Konsentrere bygging av fritidsbustader til utfartsområde. Sikre god stadutvikling og følgje prinsipp for gode bustadområde også i fritidsbustadområda. Utarbeide detaljplanar ut frå heilskaplege områdeplanar. Ha eit prinsipp om at bustader brukt som fritidsbustader ikkje skal omdisponerast til fritidsbustadføremål
7.
Sikre areal til saumlause og universelt utforma gang- og sykkelvegar og snarvegar i sentrumsområda og mellom bustadområde, skular, barnehagar og fritidsaktivitetar
8.
Sette av areal til sykkelparkering på viktige knutepunkt i heile kommunen
9.
Som hovudregel legge gjennomfartstrafikk utanom sentrum og redusere biltrafikk og parkeringsareal i sentrumskjerna
10.
Legge opp til parkering under bakken og som innfartsparkering samlokalisert med kollektivpunkt
11.
Legge til rette for kvile- og møteplassar i sentrum og langs ferdselsvegar
12.
Sette av areal til å auke kapasiteten i barnehage og grunnskule ut frå venta folketalsutvikling
13.
Legge til rette for sambruk av offentlege bygg og uteområde
14.
Sette av areal til torg og aktivitetspark i sentrumskjerna i kvar tettstad
15.
Legge til rette for arenaer og areal for eigenorganisert fysisk aktivitet, kunst, kultur, fritidsaktivitetar og arrangement
16.
Legge opp til at tettstadene får ei god estetisk utforming gjennom tilpassing til landskapet, kunst, design, arkitektur, kulturminne og varierte blågrøne strukturar
17.
Opne for at landbruksareal som ikkje er i aktiv drift vert tilgjengeleg som parsellhagar
18.
Sørge for at offentlege grøntareal i stor grad vert planta med nyttevekstar
19.
Sette av areal til grøne friområde tett på alle skular, barnehagar og idrettsanlegg
20.
Sette av areal til nye trenings- og rekreasjonsområde og nye anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet
21.
Legge til rette for lågterskel turvegar i naturen med universelle tilkomstar og opne snarvegar
22.
Sikre tilkomst til strandsona og legge til rette for nye ferdselsvegar langs fjorden
23.
Unngå uheldig bygging i strandkanten. Plassere ønska tiltak i strandsona samla og oppmode om fellesskapsløysingar for å sikre allmenn tilkomst til fjord og vassdrag, landskapskvalitetar og naturmangfald, og for tilpassing til klimaendringar
24.
Unngå bygging på landbruksareal i heile kommunen og unngå ulemper for landbruket ved bygging og tiltak
25.
Sikre gjenbruk av matjord og prioritere andre grøne føremål ved omdisponering av landbruksareal
26.
Førebyggje mot risiko og sårbarheit ut frå ein godt forankra heilskapleg ROS-analyse
27.
Legge til grunn eit godt kunnskapsgrunnlag om naturmangfald ved vurdering av endra arealbruk
28.
Oppmode om fossilfrie byggjeplassar, klimavenleg materialbruk og bruk av fjordvarme eller andre klimavenlege energiløysingar i eigne og eksterne byggjeprosjekt

Føringar for økonomiplanen

Samfunnsplanen legg opp til endringar med konsekvensar for investeringar og drift i kommunen, og gjev føringar for økonomiplanarbeidet. Dei konkrete økonomiske prioriteringane og vurderingar kring personalressursar i administrasjonen vert gjort i økonomiplanen.
1.
Nye barnehagar og skular og oppgradering ved behov for auka kapasitet 
2.
Torg i sentrumskjerna i kvar tettstad
3.
Møteplassar for ungdom innomhus i kvar tettstad 
4.
Aktivitetsparkar for ungdom i sentrumskjerna i kvar tettstad
5.
Frivilligsentralar med utlånsordningar av utstyr i alle tettstader
6.
Subsidiering av tilbod for utsette grupper 
7.
Vedlikehald og oppgradering av kommunale leikeplassar
8.
Ferdselsvegar langs fjorden og lågterskel turvegar i naturen ved tettstadene
9.
Kvile- og møteplassar i sentrum og langs ferdselsvegar 
10.
Rekreasjonsområde
11.
Grøne friområde tett på alle skular, barnehagar og idrettsanlegg 
12.
Treningsområde for gratis, uorganisert fysisk aktivitet 
13.
Anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet 
14.
Spesialanlegg for fysisk aktivitet med høg nasjonal kvalitet
15.
God kvalitet på inne- og utemiljø i alle sosiale bustader
16.
Utvikle kommunale leige til eige-bustader
17.
Sørge for omsorgsbustader i alle tettstader
18.
Etablering og vedlikehald av gang- og sykkelvegar og snarvegar mellom bustadområde, skular, barnehagar og fritidsaktivitetar
19.
Sykkelparkering på viktige knutepunkt
20.
Etablere parkering under bakken, som hovudregel i utkanten av sentrumskjerna, samlokalisert med kollektivpunkt 
21.
Etablere Sognepunkt – infrastruktur for parkering, informasjon, toalett mm.  
22.
Anlegg for fjordvarme eller andre klimavenlege energiløysingar
23.
Digitale verktøy for tilsette og innbyggjarar
24.
Utbygging av 5G i regionen 
25.
Regionale utviklingsprosjekt 
26.
Veginvesteringar i samsvar med føringane i BAKT